Kategorier
Nyheter

Velkommen til Julekonsert i Sund Kyrkje 11.12.23!

default-file-1698691240

Velkomen til julekonsert med Sund Blandakor 11. desember kl 19 i Sund Kyrkje.

Tradisjonen tru har vi med oss Sund Brass og Sund Toradarklubb.
I tillegg er vi så heldige å ha Tomine Mikkeline Eide med som solist.

Med vakre Sund Kyrkje som scene og saman med dyktige musikarar skal vi gjere vårt for å prøve å lokke fram litt julestemning og julero i år også. Vi gler oss stort til å synge og spele for dykk alle denne måndagskvelden, og vonar de finn glede og julero medan vakre tonar omslutar dykk i vinterkvelden.

Hjartleg velkomne!

Billettar på TicketCo. Klikk på lenka her:
https://sundblandakor.ticketco.events/no/nb/e/julekonsert_sund_kyrkje_111223_kl_19?fbclid=IwAR0u833ckpEWGpJctyR20Z5afkFm4AnXJJRLdQFtRMdgekapVBhqaT-4P44

Kategorier
Nyheter

Velkommen til korkafé og basar 30.09!

367479850_631377898976900_4086519943595855530_n

Velkommen til korkafé og basar 30.09.2023!

Sund Blandakor inviterer til
KORKAFÉ OG BASAR
i Strandahallen, 30. september, kl 18.00

Gjestekor:
Mannskoret LAUDAMUS frå Norheimsund
og ALGRØYKORET

Vi garanterer flott korsang og god stemning! Det blir sal av kaffi og kaker.
Flotte gevinster på basaren. Hjarteleg velkomen til eit tradisjonsrikt korarrangement!

Mannskoret Laudamus,
dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid.
Algrøykoret,
dirigent Olav Idar Ulveseth.

Sund Blandakor,
dirigent Tonje Eriksen.
Irina Tarasova, piano.

Kategorier
Nyheter

Vi deltar på Sund Sognelags Vandreteater – «Ord til folket»!

Vi deltar på Sund Sognelags Vandreteater – «Ord til folket»!

Sommarferien er slutt og vi hiv oss rett på øving til deltaking i Sund Sogelag si markering av at biblioteket er 200 år – Vandreteateret «Ord til folket».

«Kyrkjelyden» i framsyninga, spela av Sund Blandakor, er godt i gang med å øve på salmesong. Sjå lenke til arrangementet lenger nede i dette innlegget.

https://facebook.com/events/s/vandreteater-ord-til-folket/839440977582520/

Kategorier
Nyheter

Velkommen til åpen øving 04.september!

Skjermbilde 2023-08-21 kl. 19.27.07

Velkommen til åpen øving 04.september!

Åpen øving 4. september, kl 18.30-21.00 i Spildepollen skule. Kom, bli med oss og syng i Sund Blandakor!

Koret går inn i ei spennande tid. 2024 er jubileumsår for koret og vi skal feire 50 år på ymse vis. Mellom anna med stor jubileumskonsert og tur til utlandet.

Hvis du ikkje veit så mykje om oss, så kan vi oppsummere det slik: Vi er trivselskoret som er åpen for alle! Vi syng like gjerne folkeviser som pop, opera og musikaler. Det kan vel ikke stikkast under ein stol at gjennomsnittsalderen i koret er noko over konfirmasjonsalderen. Då snakker vi kun alder i folkeregisteret, ikkje korleis vi ER. For at vi skal fortsetje å halde oss unde til sinns er vi ute etter ungdom som vil være med oss.  Alt opp til 50 år tel som ungdom hos oss – er du over 50 år, sjå lenger nede i teksten.

Er du ein songglad ungdom som vil gje oss ein sjanse, er du garantert å få ein varm velkomst. Er du attpåtil ein songglad ungdom av sorten hankjønn, då har du gjort det stort. Vi seier det rett ut – vi treng flere unge sopran- og tenorstemmer som ikkje syng prolaps og brokk på seg når dei skal opp i høgda. Men fortvil ikkje hvis du har passert ungdomsstadiet og heller kan teljast som ung vaksen (50-90 år) – du er hjarteleg velkomen likevel.  
Vi veit at det er menn som brummar og syng for seg sjølve. Dei lurer seg til når dei er på sjøen og fiskar og trur at ingen høyrer dei. Eller dei trur at dusjen er lydtett og ingen høyrer dei når dei jodlar i veg medan dei vaskar seg på ryggen. Kan de sjå til å dra skroget med på øving hos oss? Hvis de er redd det berre er kvinnfolk som kaklar, så ta det heilt med ro! Mannfolka våre kaklar minst like mykje! Dei møtest også utanfor øvingstid. Som dei seier i skyttarlag: «Bli med og treff nye vener».

Hvis du vil vite meir kan du ta kontakt med styreleiar i koret, Mette Jacobsen. Ho kan treffast på telefon 91684477 eller epost mettemosk@gmail.com
Kategorier
Nyheter

Vårkonsert 24.04.23!

vårkonsert 2023

Vårkonsert 24.04.23!

Sund Blandakor inviterer til Vårkonserten «Sommarfugl i vinterland» – songar om kjærleik, håp, fridom og fred.

Vi håper vi kan skape eit lite pusterom der ein kan få tenkje på anna enn ufred, harde tider og vinteren som ikkje ville sleppe taket.

Sopranen Tomine Mikkeline Eide er med oss som solist.
Vi har også fått med oss desse flinke musikarane frå inn- og utland:
Irina Tarasova – Piano
Polina Zhurzha – Piano
Marcus Davidson – Bass
Hallgeir Fiskaaen – Gitar
Ola Berg Riser – Perkursjon
Tonje Eriksen er som vanleg dirigent og styrer oss stødig gjennom alt frå opera via musikal til visesong.

Sund kyrkje, mandag 24. april, kl 18.30. Dørene åpner kl 18.

Billetter: TicketCo (klikk på link)
Vaksne: kr 250,-
Born 6-15: kr 100,- (under 6 år gratis)
Ledige billettar blir selde i døra.

Kategorier
Nyheter

Julekonsert 05.12.2022!

Julekonsert

Julekonsert 05.12.2022!

Hjarteleg velkomen til vår årlege julekonsert i Sund Kyrkje 05. desember kl. 19:00.

Vi i Sund Blandakor, Sund Brass og Sund Toraderklubb ser fram til å gje deg ei stemningsfull og musikalsk oppleving i ei travel førjulstid. Ta med deg heile familien, ta dykk tid til å setje dykk ned nokre timar, gløyme julestria og alt de skulle ha gjort. Senk kvilepulsen og berre nyt straumen av vakre tonar. Musikk frå kor, brass og torader kan vere balsam for sjela, og det er kanskje nett det du treng denne måndagskvelden i desember.

Vi ser fram til å underhalde deg, vel møtt.

Vaksne: kr. 250
Born opp til 16 år: 50 kr.
Born under 6 år: Gratis

Dørene opnar kl. 18.30

Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderes ikkje.

Billettar på TicketCo. Klikk på lenka her:
https://sundblandakor.ticketco.events/no/nb/e/julekonsert_sund_kyrkje_051222_kl_1900__sund_blandakor_sund_brass_og_sund_toraderklubb?fbclid=IwAR1VrzqrzmosQW9bpbl1zgRgkR6U8BdYHVC_JJKrR6faxcHisYLaBZ1nEbA

Kategorier
Nyheter

Bli med på avduking av Johannes Kleppevik-statuen saman med oss!

Bli med på avduking av Johannes Kleppevik-statuen saman med oss!

Søndag 09. Oktober er det duka for avduking av Johannes Kleppevik-statuen, laga av Vidar Bratlund-Mæland. Avdukinga vil skje ved amfiet på Skuleneset på Klokkarvik kl 13:00.

Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, skal halde tale og stå for sjølve avdukinga. Vi har i anledninga blitt spurt om å ha eit musikalsk innslag, noko vi gler oss stort til! Det vil og bli musikalsk innslag av Vivian Steinsland og Tofterøy Småkvedarlag.

I tillegg har Sund Kystlag og Klokkarvik Båtlag ordna noko moro på kaien samt noko godt å bita i. Håpar å sjå deg der!

Kategorier
Nyheter

No è da ti! 75-års markering for Johannes Kleppevik

No è da ti! 75-års markering for Johannes Kleppevik

No è da ti!

75-års markering for Johannes Kleppevik og utdeling av Johannes Kleppeviks minnespris.

No è da ti! er tittelen på ein av songane til Johannes, og no er tida komen for å markera at Johannes Kleppevik ville fylt 75 år i oktober. Han var og er ein av dei viktigaste formidlarane av vestnorsk kystkultur. Gjennom fantastiske tekstar og melodiar levandegjorde han historiar om livets mange sider her vest i havgapet. Om gleder og sorger, lokale kvardagsheltar og internasjonale uteseglarar, tunge bører og siglande skuter, danseløver og spelemenn, og oldefedre og tapre mødre. Denne viktige kulturarven må ivaretakast og vidareformidlast til yngre generasjonar.

Sund Blandakor har i alle år formidla Johannes sine songar i ulike høve og på ulikt vis. Til denne markeringa har vi invitert, og utfordra, talentfulle lokale musikarar til å framføre Johannes Kleppevik i ny drakt. Ekstra stas er det at Red Jackets, Johannes sitt eige band, skal vere husband, og i tillegg gje ei urframføring av ein av Johannes sine låtar. I tillegg får de gleda av å høyre dei flotte unge røystene til barnekoret Kystkulturkoret. Vi gler oss stort, og ser fram til å gje dykk ein flott konsertkveld.

Bill.pris:
Vaksen: kr. 400
Born 0-6 år: gratis
6-16 år: kr. 100
Familiebillett: 2 vaksne + born: kr. 1000

Billettar kan kjøpast via denne lenka:
https://sundblandakor.ticketco.events/no/nb/m/e/no_da_ti_75aars_markering_for_johannes_kleppevik

Vi ynskjer alle velkomen til konserten, spesielt familiar og born. Familiebilletten gjeld difor for foreldre/føresette og alle borna i familien.

Velkomen til 75-års markering for Johannes Kleppevik.

Restriksjoner
Tillatt for alle – familiearrangement.

Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderast ikkje.

Kategorier
Nyheter

Bilder frå Frigjeringsmarkeringa i Tælavåg

IMG_2253
IMG_2254
_DSC0215

Bilder frå Frigjeringsmarkeringa i Tælavåg

Også i år vart det ei fin og høgtidleg minnemarkering på Frigjeringsdagen 08. mai, med fine talar, korsang og allsang. Ekstra kjekt var det at vi kunne samlast i år, og i tillegg opptre i bunad.

Kategorier
Nyheter

Vårkonsert 27.03.2022

Skjermbilde 2022-03-13 kl. 23.34.39

Vårkonsert i Strandahallen

Sund blandakor + Bergen turnforenings orkester = Vårkonsert 2022

Denne gongen samarbeider Sund blandakor med Bergen turnforenings orkester, eit salongorkester eller mini-symfoniorkester, om de vil. Dei stiller med 28 musikarar og sin dirigent, Ben Nordby. Han har bakgrunn som slagverkar i Bergen Symfoniske Orkester. Orkesteret har med seg solist, Kari Høgh Arnesen, som i 2015 var finalist i TV2 sitt program, Norske Talenter.

I tillegg til å synge med orkesteret, vert blandakoret akkompagnert på piano av kantor ved Birkeland menighet i Bergen, Asbjørn Snilstveit. Sund blandakor stiller med sin faste dirigent, Tonje Eriksen, som er kantor og dirigent for Korskolen i Biskopshavn..
Repertoaret på konserten er ei blanding av tradisjonelle og moderne viser, i tillegg til utdrag frå musikalen «Spelemann på taket». Nokre av visene har de høyrd før, men det er sjølvsagt òg noko nytt for publikum.

Vi vonar mange finn vegen til Strandahallen, sundag 27.mars kl.18.00. Der vert det liv og lyd!