skip to Main Content

Velkommen til åpen øving 04.september!

Åpen øving 4. september, kl 18.30-21.00 i Spildepollen skule.

Kom, bli med oss og syng i Sund Blandakor!

Koret går inn i ei spennande tid. 2024 er jubileumsår for koret og vi skal feire 50 år på ymse vis. Mellom anna med stor jubileumskonsert og tur til utlandet.

Hvis du ikkje veit så mykje om oss, så kan vi oppsummere det slik: Vi er trivselskoret som er åpen for alle! Vi syng like gjerne folkeviser som pop, opera og musikaler. Det kan vel ikkje stikkast under ein stol at gjennomsnittsalderen i koret er noko over konfirmasjonsalderen. Då snakker vi kun alder i folkeregisteret, ikkje korleis vi ER. For at vi skal fortsetje å halde oss unge til sinns er vi ute etter ungdom som vil være med oss. Alt opp til 50 år tel som ungdom hos oss – er du over 50, sjå lenger nede i teksten.
Er du ein songglad ungdom som vil gje oss ein sjanse, er du garantert å få ein varm velkomst. Er du attpåtil ein songglad ungdom av sorten hankjønn, då har du gjort det stort. Vi seier det rett ut – vi treng fleire unge sopran- og tenorstemmer som ikkje syng prolaps og brokk på seg når dei skal opp i høgda. Men fortvil ikkje hvis du har passert ungdomsstadiet og heller kan teljast som ung vaksen (50-90 år) – du er hjartleg velkomen likevel.
Vi veit at det er menn som brummar og syng for seg sjølve. Dei lurer seg til når dei er på sjøen og fiskar og trur at ingen høyrer dei. Eller dei trur at dusjen er lydtett og ingen høyrer dei når dei jodlar i veg medan dei vaskar seg på ryggen. Kan de sjå til å dra skroget med på øving hos oss? Hvis de er redd det berre er kvinnfolk som kaklar, så ta det heilt med ro! Mannfolka våre kaklar minst like mykje! Dei møtest også utanfor øvingstid. Som dei seier i skyttarlag «Bli med og treff nye vener».
Hvis du vil vite meir kan du ta kontakt med styreleiar i koret, Mette Jacobsen. Ho kan treffast på telefon 91684477 eller epost mettemosk@gmail.com
Back To Top